søndag 10. januar 2010

Ting 23 Oppsummering

Det var nesten rart no å skrive 23, men samstundes utruleg godt å vite at eg har nådd målet mitt om å bli ferdig innan fristen! Dette har vore spanande, kjekt, lærerikt, litt frustrerande innimellom og veldig tidkrevande.

Å velge ut ein favoritt framfor andre er ikkje lett, men eg synest at det å lære å lage blogg har vore veldig kjekt. Blogging som metode til kommuniksjon er supert - enkelt og lett tilgjengeleg for mange.
Etter at eg registrerte meg på Facebook har eg fått kontakt med mange "gamle" kjente. Har oppdaga mange nyttige boksider.

Forslag til forbetringar av kursopplegget? Ja, litt vel mykje på engelsk til tider, og muligens for mange "ting"? Det har vorte oppretting av kontoar både her og der, men på slutten vart eg litt strengare i prioriteringa mi over kva eg ville bruke tid på/vere med på.

23 ting har vore ei god mulegheit til å sette seg inn i nye tenester og lære meir om alt det som finst der ute i det store internettet. Vi er nok ikkje utlærte med dette kurset, men vi er i gang - og det er viktig.

Stor takk til fylkesbiblioteket som har gitt oss denne mulegheita!
JA - eg blir gjerne med på eit nytt kurs!

Ting 22 Bibliotek 2.0

Vi er 4 frå Sula bibliotek som har jobba med dette kurset, men vi har ikkje fått sett oss ned enno for å diskutere kva vi skal satse på vidare i vårt eige bibliotek. Men eg trur det er viktig no at vi raskt tek i bruk noko av det vi har lært og set det ut i livet. Eg trur ikkje vi skal gape over for mykje i starten, men heller satse på å få til noko. Vi har snakka litt om å lage ein blogg i tillegg til heimesida vår, der ein kan legge ut bokmeldingar mm. Vi bør kanskje også legge ut fleire lenker til gode litteratursider.

Dei nye 2.o tenestene gir oss mulegheit til å nå brukarane på ein heilt annan måte enn før, og eg trur at potensialet for å nå fleire av målgruppa barn og unge ligg her.
Kanskje vi bør registrere Sula bibliotek på Facebook? Vi vil også ha mulegheiter til å kunne marknadsføre biblioteket på ein annan og fleire måtar enn før.

Det vil kunne bli naudsynt å nedprioritere nokre arbeidsoppgåver i biblioteket for å kunne få tid til 2.0-tenester, men det trur eg det er verdt. Eg trur det er rett at etterspurnaden etter tenestene våre vil synke dersom vi ikkje utviklar dei.

23 ting om 2.0 har nok medverka sterkt til å gi oss eit innblikk i kva vi bør kunne som bibliotektilsette og auka kompetansen vår på dette feltet, men det er ikkje nok. Dette må vedlikehaldast, og då blir utfordringa korleis vi skal få "rydda plass" til dette framover. Når no biblioteka i fylket vårt etterkvart tek i bruk web 2.0-teknologien, så bør vi ha ei slags ideutveksling og lære vidare av kvarandre.

Ting 21 Web 2.0 Awards

Var innom fleire av kategoriane på Web 2.0 Awards-lista, mellom anna Health og Education.
Syns likevel det er vanskeleg for meg å vurdere om det er rett 2.0 ting som har vunne, føler vel ikkje at eg har "kompetanse" til det. Her er mange ting å velge mellom, og under Education fann eg på 3. plass noko som heiter "SpanishPod " - kanskje det kunne vere ein ide å legge ut ein link til dette på heimesida til biblioteket? Mange som vil lære seg spansk...Skal vel ikkje sjå bort i frå at eg vil sjekke ut fleire av desse seinare.

Ting 20 E-læring 2.0




Her var det mange interessante e-læringssider. Eg kjenner litt til It's learning frå før sidan begge gutane mine har brukt dette i skulesamanheng.

Greit å vite om at eg kan få lære meg kinesisk gratis på nettet i løpet av 15 dagar (eller i alle fall få ein liten smak av det), men for meg er ikkje det aktuelt, så eg registrerte meg ikkje. Kunne no heller ha tenkt meg å lære eit anna språk...

Eg synest at e-læring gjennom 23 ting om 2 null har vore veldig spennande og lærerikt, og ein veldig grei måte å lære på. Dette er første gong for meg. Fint å kunne jobbe med kurset når det passar for meg og frå kva pc som helst, å ha eit nettverk av kollegaer som ein kan diskuterer med over nettet pluss kursleiarar som ein kan kontakte dersom ein står fast.









Ting 19 Virtuelle verdener

Har lest igjennom stoffet og sett på filmane, samt gått gjennom Norgesbiblioteket i Second Life og titta på Second Life Library 2.0 Forstår at dette kan vere både lærerikt og nyttig, men har problem med å engasjere meg i ei virtuell verd. Har ikkje lyst på konto i Second Life, og derfor har eg ikkje oppretta dette. Det held for meg å vite kva dette i hovudsak går ut på.

Ting 18 Web-applikasjonar

Var på oppdagingstur på Zoho Writer, og den ser ut til å innehalde mange mulegheiter. Oppretta konto der og prøvde å skrive tekstdokument. Veldig greit å vite at dette finst, men eg prioriterer ikkje å bruke så mykje tid på dette no. Det krev litt tid å sette seg inn i dette dersom ein skal kunne bruke det.

Ting 17 Origo

Har faktisk fått nokre førespurnader litt tidlegare frå kollegaer i fylket, mellom anna om å bli med i eit nettsamfunn for dei som driv med "Barnehagebibliotek", og til det er dette nyttig! her kan ein legge ut erfaringar og utveksle idear for dei som er interesserte i nettopp dette temaet.
Eg valgte å ikkje registrere meg no, men var innom og søkte på ulike soner, som bidrag og arrangement. Leita etter "bibliotek i barnehage", "Langevåg" og "bokkveld" pluss nokre til.

Ting 16 Mashups

Har lest gjennom "pensum" og vore innom alle eksempla som var tatt med, men syns liksom ikkje at eg fekk så veldig mykje ut av dette. Etter tips frå kollega Kari gjekk eg inn på linken som Katrine viste til, Whatsout.net og og ein kombinasjon av Google Earth, Virtual Earth og bl.a Nasa: Flash Earth. Kika også ein del på Biblioteklaboratoriet.

fredag 8. januar 2010

Ting 15 Lek med bilder




Dette var artig, og det er utruleg mange mulegheiter som finst! Dette vart rett og slett leik med bilete ja! Var innom og prøvde dei forskjellige verktya som var foreslått, og her ser de nokre av resultata:








































torsdag 7. januar 2010

Ting 14 Personlige forsider eller startsider

Tok "oppdagingstur" på Netvibes først og deretter på iGoogle.

Logga meg på, og valde deretter å legge til nokre element. Utforskinga gjekk ut på det same som oppdagingsturen: Klikka meg inn på iGoogle, oppretta startside, la til ting:Gmail (kan sjå e-posten min), Dagbladet.no, Daily Bible Scripture, Veret og Facebook.

Klikkar ein på pila på den blå linja på modulen kan ein redigere innstillingar ( eg redigerte vermodulen- ville heller ha veret i Ålesund enn i Oslo). Søkte opp Facebook elementet.

Ting 13 Egendefinerte søkemotorer

Tok nokre utforkningsrunder på Rollyo, og ser nytta av at dette kan vere eit ok vekty for høgskular og universitet som vil samle alt om eit emne på ein stad. Trur ikkje at eg kjem til å bruke denne så mykje, så eg har ikkje prioritert å bruke mykje tid på dette.
Her er lenka til søkesida mi:
http://www.rollyo.com/elisabeth23/

Ting 12 Sosiale bokmerker

Var innom Del.icio.us og las gjennom DinSide sin begynnarguide først.
StumpleUpon var ei utmerka side for ulike interessefelt. Då eg gjekk inn på emnet "books" og titta fann eg mykje artig, deriblant kunst laga av bøker. Utruleg fascinerande, og kanskje kan ein bruke gamle kasserte bøker til å lage ei borg inne i biblioteket?? Berre fantasien set grenser...Denne skal eg inn på igjen - ver du sikker!
Utforska vidare via Buskerud fylkesbibliotek som eksempel og gjorde oppgåva tilknytta det, men eg fekk lite ut av det. Ser heilt klart nytten av å "kategorisere" beslekta emne i t.d. referansetenesta, men det vil vere tidkrevande. Førebels vil eg nok bruke mine "favorittar" som vanleg. Men eg ser heilt klart at det gir sine avgrensingar å vere knytta opp til kun ei maskin, medan bokmerka kan eg finne på nettet uansett kvar eg vil befinne meg i verda.

Ting 11 Organiser bøkene dine

Utforska LibraryThing etter oppskrifta, og la inn 5 bøker i min katalog. Melde meg så inn i gruppa "Norske bibliotekarer", og sjekka deretter statistikken. Artig å sjå kva bøker som var mest anmeldelsar av mm.
Her er linken til min eigen katalog:

http://no.librarything.com/catalog/efk

Til slutt gjekk eg inn på http://bokelskere.no og melde meg inn der. Den sida likte eg!

Ting 10 Musikk

Godt nytt år! Har vore lenge borte frå bloggen no, men no er det tid for litt ekstra innsats.


Eg oppretta brukarprofil på Last FM og fekk mine 30 tracks free trial, men innsåg nok at dette ikkje var noko for meg og at eg ikkje kjem til å betale pengar for å ha denne.


Artig å sjå kva mulegheiter som finst, men dette blir vel neppe noko som eg kjem til å bruke ofte.


Tek heller turen innom NRKs nettradio når eg sit ved datamaskina. Der kan eg få med meg nyheiter og diverse program. For eksempel Bok i P2.