fredag 30. oktober 2009

Ting 6: Venestader

I dag starta eg arbeidsøkta mi med å gå på oppdagingstur i Myspace, og så kika eg på Twitter.
Las om personvern i samband med Facebook, og titta også litt på den norske venestaden Underskog.
Så var det tid for Facebook. Eg har ikkje registrert meg der tidlegare, og har igrunnen ikkje sakna det heller - men no er det gjort. Starta med å opprette profil, og sende førespurnad til nokre kjentfolk og kursdeltakarar om å få bli lagt til som deira ven. Eg fekk lasta opp eit "vilt" bilete av meg sjølv, og til slutt melde eg meg inn i gruppa "23tingom2null" og posta eit innlegg på veggen der. Synest eigentleg dette var litt gøy, sjølv om eg ikkje har vore så villig til å bruke tid på Facebook tidlegare. Får sjå no då - blir vel litt nysgjerrig no på om eg får svar på førespurnadene mine...

torsdag 29. oktober 2009

Endeleg!


Endeleg fekk eg med meg biletet av eit kjært minne frå mi barndoms gate i Kyrkjegata i Ørsta.

Flickr

Har jobba meg gjennom dette med Flickr, men stod litt fast undervegs. Fann eit bilete frå mi barndoms gate i Ørsta som eg ville ha med. Oppretta konto på Flickr, men har ikkje fått det til å fungere slik eg håpte på. Og no ser eg at biletet ikkje kjem med...

Direkte kommunikasjon

Med litt hjelp frå ungdommen i huset lasta eg ned windows live messenger, slik at eg kan chatte med andre. Testa det ut nokre gongar ved å chatte med gutane mine, veldig kjekt å kunne. Har testa ut Biblioteksvar tidlegare. Oppdaga at eg har fått fleire invitasjonar frå deltakarar på kurset,men ingen var pålogga i øyeblikket.

RSS og Atom

No har eg kome eit lite steg vidare. Starta med å lese om RSS på Wikipedia samt det som stod i opplæringsrettleiinga for kurset. Har jobba med RSS, og valde å opprette konto på Google Reader, tenkte det var greitt å halde seg til den. Har også prøvd å legge til nokre sider som eg vil abonnere på, m.a. lesetips, nynorskbok.no og bokmeldingar, for det synest eg kan vere nyttig, også med tanke på korleis ein praktisk kan bruke dette i bibliotekkvardagen.
I dag har vi på Sula bibliotek sett oss ned opå datarommet på rådhuset for å jobbe litt med kurset. Må prøve å få litt framdrift på sakene.

tirsdag 20. oktober 2009

Bloggtankar

Har prøvd å endre profilen min og eg har også endra mal for bloggen min.
Har lagt inn kommentarar på eit par andre bloggar - så no får eg håpe dei oppdagar det...

Flyttesjau






No er eg på "lufta" igjen. I dag er det litt flyttesjau på biblioteket pga at vi skal få nytt ventilasjonsanlegg neste veke. Det blir nokre bøker som må flyttast på og pakkast ned i kasser.

torsdag 15. oktober 2009

Hurra! No er eg i gang med å lage blogg...



Etter ei inspirerande innføring om web 2.0, vart vi kasta ut i det - og dette var kjekt!
No er vi samla på Spjelkavik vgs for å lære nye måtar å kommunisere på. Håpet er at dette også skal kome brukarane av biblioteket på Sula til gode. Men først må eg lære meir og øve og øve...