mandag 16. november 2009

Ting 9 Video

Har vore innom YouTube før nokre gongar, og gutane i huset viser meg ofte artige snuttar av både det ein og andre, frå kattevideoar til "what old people do for fun". Eg søkte opp YouTube.com og kika først på "library dominos" og "ray of light" som var nokre av forslaga. Så søkte eg på "videos" og valgte søkeordet "library". Det kom opp mange gode forslag som eg såg litt på. Valgte likevel min manns arbeid med isolerte tømmerhytter i dag - ta ein titt her på ISOLAFT:



http://www.youtube.com/watch?v=UTOq-rv6_SE



Eg veit at eg tidlegare har vore innom eit norsk bibliotek (hugsar dessverre ikkje kva for eit)som hadde ein flott presentasjon/guida tur i biblioteket som dei viste fram på YouTube, kva tilbod og tenester dei kunne tilby - og det kan vere noko å satse på for fleire.

Ting 8 Podcasting

Kunne ikkje delta på samlinga i dag pga sjukdom, så eg har jobba litt heime istadenfor.
Studerte litt på det som var foreslått før eg sette i gong. Leita opp NRK og Bokprogrammet, og la så ein RSS feed av podcasten inn på min bloglineskonto som eg hadde oppretta først. Nøyde meg med denne eine i denne omgangen.

onsdag 11. november 2009

Ting 7 Wiki



Har vore innom diverse wikiar på oppdagingstur før eg gjekk laus på utforskingsoppgåvene. Synest dette var kjekt å jobbe med, og det gjekk greit å få det til etter litt prøving og feiling. Det gjekk greit å legge ut bokomtale og film, men kava litt meir med wikien som eg skulle lage sjølv. Var litt usikker på om eg gjorde det eg skulle, og om det vart rett. Spesielt dette med lenka. Kalla wikien min Elisabethwiki - naturleg nok...
Har ikkje prøvd å publisere noko i wiki før, men trur ikkje det blir siste gongen. Kunne vore artig å legge ut noko om Sula bibliotek på Wikipedia no. Til bibliotekbruk kan wiki brukast til mykje, m.a. kan brukarar legg ut bokanbefalingar. Lokalhistoriske bilete som opnar for kommentarar frå brukarar kan vel også vere eit bruksområde. Det finst mange mulegheiter, nesten som å opne ei skattekiste...