søndag 10. januar 2010

Ting 23 Oppsummering

Det var nesten rart no å skrive 23, men samstundes utruleg godt å vite at eg har nådd målet mitt om å bli ferdig innan fristen! Dette har vore spanande, kjekt, lærerikt, litt frustrerande innimellom og veldig tidkrevande.

Å velge ut ein favoritt framfor andre er ikkje lett, men eg synest at det å lære å lage blogg har vore veldig kjekt. Blogging som metode til kommuniksjon er supert - enkelt og lett tilgjengeleg for mange.
Etter at eg registrerte meg på Facebook har eg fått kontakt med mange "gamle" kjente. Har oppdaga mange nyttige boksider.

Forslag til forbetringar av kursopplegget? Ja, litt vel mykje på engelsk til tider, og muligens for mange "ting"? Det har vorte oppretting av kontoar både her og der, men på slutten vart eg litt strengare i prioriteringa mi over kva eg ville bruke tid på/vere med på.

23 ting har vore ei god mulegheit til å sette seg inn i nye tenester og lære meir om alt det som finst der ute i det store internettet. Vi er nok ikkje utlærte med dette kurset, men vi er i gang - og det er viktig.

Stor takk til fylkesbiblioteket som har gitt oss denne mulegheita!
JA - eg blir gjerne med på eit nytt kurs!

Ting 22 Bibliotek 2.0

Vi er 4 frå Sula bibliotek som har jobba med dette kurset, men vi har ikkje fått sett oss ned enno for å diskutere kva vi skal satse på vidare i vårt eige bibliotek. Men eg trur det er viktig no at vi raskt tek i bruk noko av det vi har lært og set det ut i livet. Eg trur ikkje vi skal gape over for mykje i starten, men heller satse på å få til noko. Vi har snakka litt om å lage ein blogg i tillegg til heimesida vår, der ein kan legge ut bokmeldingar mm. Vi bør kanskje også legge ut fleire lenker til gode litteratursider.

Dei nye 2.o tenestene gir oss mulegheit til å nå brukarane på ein heilt annan måte enn før, og eg trur at potensialet for å nå fleire av målgruppa barn og unge ligg her.
Kanskje vi bør registrere Sula bibliotek på Facebook? Vi vil også ha mulegheiter til å kunne marknadsføre biblioteket på ein annan og fleire måtar enn før.

Det vil kunne bli naudsynt å nedprioritere nokre arbeidsoppgåver i biblioteket for å kunne få tid til 2.0-tenester, men det trur eg det er verdt. Eg trur det er rett at etterspurnaden etter tenestene våre vil synke dersom vi ikkje utviklar dei.

23 ting om 2.0 har nok medverka sterkt til å gi oss eit innblikk i kva vi bør kunne som bibliotektilsette og auka kompetansen vår på dette feltet, men det er ikkje nok. Dette må vedlikehaldast, og då blir utfordringa korleis vi skal få "rydda plass" til dette framover. Når no biblioteka i fylket vårt etterkvart tek i bruk web 2.0-teknologien, så bør vi ha ei slags ideutveksling og lære vidare av kvarandre.

Ting 21 Web 2.0 Awards

Var innom fleire av kategoriane på Web 2.0 Awards-lista, mellom anna Health og Education.
Syns likevel det er vanskeleg for meg å vurdere om det er rett 2.0 ting som har vunne, føler vel ikkje at eg har "kompetanse" til det. Her er mange ting å velge mellom, og under Education fann eg på 3. plass noko som heiter "SpanishPod " - kanskje det kunne vere ein ide å legge ut ein link til dette på heimesida til biblioteket? Mange som vil lære seg spansk...Skal vel ikkje sjå bort i frå at eg vil sjekke ut fleire av desse seinare.

Ting 20 E-læring 2.0




Her var det mange interessante e-læringssider. Eg kjenner litt til It's learning frå før sidan begge gutane mine har brukt dette i skulesamanheng.

Greit å vite om at eg kan få lære meg kinesisk gratis på nettet i løpet av 15 dagar (eller i alle fall få ein liten smak av det), men for meg er ikkje det aktuelt, så eg registrerte meg ikkje. Kunne no heller ha tenkt meg å lære eit anna språk...

Eg synest at e-læring gjennom 23 ting om 2 null har vore veldig spennande og lærerikt, og ein veldig grei måte å lære på. Dette er første gong for meg. Fint å kunne jobbe med kurset når det passar for meg og frå kva pc som helst, å ha eit nettverk av kollegaer som ein kan diskuterer med over nettet pluss kursleiarar som ein kan kontakte dersom ein står fast.









Ting 19 Virtuelle verdener

Har lest igjennom stoffet og sett på filmane, samt gått gjennom Norgesbiblioteket i Second Life og titta på Second Life Library 2.0 Forstår at dette kan vere både lærerikt og nyttig, men har problem med å engasjere meg i ei virtuell verd. Har ikkje lyst på konto i Second Life, og derfor har eg ikkje oppretta dette. Det held for meg å vite kva dette i hovudsak går ut på.

Ting 18 Web-applikasjonar

Var på oppdagingstur på Zoho Writer, og den ser ut til å innehalde mange mulegheiter. Oppretta konto der og prøvde å skrive tekstdokument. Veldig greit å vite at dette finst, men eg prioriterer ikkje å bruke så mykje tid på dette no. Det krev litt tid å sette seg inn i dette dersom ein skal kunne bruke det.

Ting 17 Origo

Har faktisk fått nokre førespurnader litt tidlegare frå kollegaer i fylket, mellom anna om å bli med i eit nettsamfunn for dei som driv med "Barnehagebibliotek", og til det er dette nyttig! her kan ein legge ut erfaringar og utveksle idear for dei som er interesserte i nettopp dette temaet.
Eg valgte å ikkje registrere meg no, men var innom og søkte på ulike soner, som bidrag og arrangement. Leita etter "bibliotek i barnehage", "Langevåg" og "bokkveld" pluss nokre til.