onsdag 11. november 2009

Ting 7 Wiki



Har vore innom diverse wikiar på oppdagingstur før eg gjekk laus på utforskingsoppgåvene. Synest dette var kjekt å jobbe med, og det gjekk greit å få det til etter litt prøving og feiling. Det gjekk greit å legge ut bokomtale og film, men kava litt meir med wikien som eg skulle lage sjølv. Var litt usikker på om eg gjorde det eg skulle, og om det vart rett. Spesielt dette med lenka. Kalla wikien min Elisabethwiki - naturleg nok...
Har ikkje prøvd å publisere noko i wiki før, men trur ikkje det blir siste gongen. Kunne vore artig å legge ut noko om Sula bibliotek på Wikipedia no. Til bibliotekbruk kan wiki brukast til mykje, m.a. kan brukarar legg ut bokanbefalingar. Lokalhistoriske bilete som opnar for kommentarar frå brukarar kan vel også vere eit bruksområde. Det finst mange mulegheiter, nesten som å opne ei skattekiste...





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar