mandag 16. november 2009

Ting 9 Video

Har vore innom YouTube før nokre gongar, og gutane i huset viser meg ofte artige snuttar av både det ein og andre, frå kattevideoar til "what old people do for fun". Eg søkte opp YouTube.com og kika først på "library dominos" og "ray of light" som var nokre av forslaga. Så søkte eg på "videos" og valgte søkeordet "library". Det kom opp mange gode forslag som eg såg litt på. Valgte likevel min manns arbeid med isolerte tømmerhytter i dag - ta ein titt her på ISOLAFT:



http://www.youtube.com/watch?v=UTOq-rv6_SE



Eg veit at eg tidlegare har vore innom eit norsk bibliotek (hugsar dessverre ikkje kva for eit)som hadde ein flott presentasjon/guida tur i biblioteket som dei viste fram på YouTube, kva tilbod og tenester dei kunne tilby - og det kan vere noko å satse på for fleire.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar